Lømyra Diskgolfpark

Sula Sportsklubb Diskgolf ynskjer å ha baner som alle kan nytte. Vi legg til rette for at dei som kastar sine første kast også skal kunne få kjenne på meistringsfølelse. Med meistring kjem sjølvkjensle og det igjen gjer at ein syns ting er morosamt.
Vi ynskjer å tilby alle, uansett alder, ein plass å kunne utøve ein fantastisk sport. Sula Sportsklubb Diskgolf har eit tett samarbeid med Langevåg IL diskgolf som vil vere eit naturleg steg opp i vanskegrad når ein kjenner seg trygg på den utfordringa. Saman gjer klubbane at vi kan fostre opp gode talent innan sporten eller berre glade amatørar som ynskjer å røyve på seg litt.

Parken vår

Lømyra Diskgolfpark

Sesongen 2022 er på hell og vi endrar no oppsett/layout på bana vår. Vår nye bane som vi har jobba hardt med å få ferdig er no tilgjengeleg som oppsett.

Parken