Sula Sportsklubb Diskgolf

Sjølv om det hadde vert kasta disk på Lømyra i fleire år vart ikkje Fiskerstrand IL Diskgolf danna før i 2017. Då såg 4 medlemmar av Fiskerstrand IL seg nøydde til å sette ting litt meir i struktur og dermed vart første styret satt og klubben oppretta.

 

Om klubben

Sula Sportsklubb Diskgolf

Det heile starta, som so mykje anna her på Sula, ved ein tilfeldigheit, litt latskap og mykje iver. Jostein Håland som er busett ikkje langt frå Lømyra fann i 2012 ut at når han først var på idrettsanlegget med sønene å sparka fotball kunne ein like godt bruke litt tid på å kaste disk også. Kortreist aktivitet der altso :)

Som tenkt som gjort. Jostein fekk tromla saman litt hjelp og fekk plassert ut dei fyrste korgene på Lømyra. 5 i talet og til saman 10 hol. Her kunne no Jostein kombinere lidenskapane sine saman med sonen Knut som på den tida ikkje hadde noko val :D

Etter kvart tok interessa til å auke og bana trengte meir utbygging og omsorg enn det den fekk. Då fall valet enkelt over på å starte ei eiga gruppe, Fiskerstrand IL Diskgolf.

Dan Kråkenes, Trond Volle Knutsen, Vegard Fiskerstrand og Frank Tangen tok rev i segla og danna det første styret for diskgolfgruppa i slutten av 2017. Saman med andre ivrige sjeler vart bana pussa opp, ombygd og utvida i løpet av dei neste åra.

I 2019 vart Styret utvida med to representantar til i Mikael Ahlberg og Henning Bottenvik.