Ny bane i 2022

Bli med og støtt vår nye bane som er under utarbeiding. Planen er å ha denne ferdig i løpet av året.

Du kan gi støtte både via Vipps og via visualfundings. Les meir om dette under.

Ny bane i 2022

For FIL Diskgolf klubb har store delar av sesongen 21/22 blitt særdeles amputert på grunna anleggsarbeid i samband med den nye skulen. Vi fekk utruleg nok til å lage ei provisorisk 12 hulls bane og til vår store glede ser vi at denne er flittig brukt. Venar, familiar, unge som gamle er nede på bana til alle tider. Det sett vi i styret stor pris på!

Men inkje er so galt det ikkje er godt for noko. Med den nye vegen gjennom Lømyra til skulen so opnar det seg nye moglegheiter. Dette skal vi i klubben no utnytte. Ny bane er teikna og planlagt utført i 2022. Det aller meste skjer på dugnad men vi vil ha kostnadar med innkjøp av materiell til korger og tee’ar. Desse håper vi verkeleg at sambygdingane og andre diskgolfarar sluttar seg opp om og har lyst til å hjelpe oss med. Vi lovar å lage ei flott bane for alle men vi treng og di hjelp og støtte.

Spread the word og vi håper å sjå dykk alle på eit eller anna tidspunkt rundt om på bana :) 

All innsamla middlar vil gå til innkjøp av materiel som korger, material, kunstgras, singel, sand, leige av utstyr ved opparbeiding osv.

 

Visuell innsamlingsaksjon:

visualfounding

Visuell innsamlingsaksjonen vår der ein kan kjøpe visuelle andelar får du opp ved å trykke på biletet over eller om du trykker her.

 

 

Støtt oss via Vipps:

Vipps_ny_bane