Baneregler

Følgande reglar er gjeldande for Sula Sportsklubb Diskgolf

Banereglar

Baneregler

  • Delar av bana ligg på privat område. Der er fleire naboar det må visast omsyn til. Vis normal folkeskikk og respekt for området og dei rundt dette. Unngå roping, banning og anna unødig støy!
  • Bana stenger kl 23.00.
  • Ikkje-medlemmer av klubben oppfordrast til å Vippse før speling på bana. Vipps-nummer #518029
  • Spel i rusa tilstand er ikkje tillate!
  • Unngå store grupper, avgrens gruppene til max 5 spelarar. Slepp gjerne raskare grupper forbi deg.
  • Spelarar som deltek i vekes-golf og andre turneringar har alltid førsterett på bruk av bana.
  • Sett deg inn i generelle diskgolfreglar, og respekter desse!
  • Ta omsyn til omgivelser, bilar og andre personar. Du skal aldri kaste om det er fare for å treffe nokon andre.
  • Søppel, boksar, flasker, snus osv. skal ikkje kastes på bana. Bruk søppeldunkane som er plassert rundt om på området.
  • Disker ein finn på bana legges i «Lost discs» luka som er merket nede i redskapsboden. Sjølv om dei ikkje er merka er det heilt uakseptablet å ta til seg andre sine diskar. Er dei merka, gje gjerne eigaren melding.