We came, we saw, we conquered!

6 menn i sin beste alder gjekk i dag korstog opp Velledalen inni Sykkylven. Eit korstog der kampplanen oste av taktisk briljans og eminent utførsle. Som i alle store slag vart der enkelte sår, men heldigvis var det berre nokre sjølvkjensle som fekk største arra.

We came, we saw, we conquered!

We came, we saw, we conquered!

For å vise at troppen frå SSK Diskgolf ikkje berre var ein listefyll i godt lag sette Vegard «Sniper» Bardalen like godt standaren med ein ACE på hol 1. Lista var lagt og «fienden» var åtvara. «Sniper» Bardalen gjekk dermed fremst i SKK-troppen flankert av Frank «No hair» Tangen. Dan «Lieutenant» Kråkenes og Mikael «The Swede» Ahlberg danna hovudfeltet medan Kenneth «Fast arm» Jensen danna baktroppen.

Etter at fyste slag var unnagjort var det særdeles trongt om plassen for å kapre herredømme. Troppen frå SSK hadde gjort grundig analyse av både motstandarar og kamparena. Dermed kunne dei stille mannsterke i siste slag. «Sniper» Bardalen og «No hair» Tangen låg heilt likt og gjekk i leiargruppe saman med brødrene Roald. Lisjebror Roald leia gruppa med 2 kast på dei tre andre kamphanane. Det skulle vise seg hardt for Brødrene Roald når "Twisted Sisters" frå SSK gjekk taktisk ut frå start. "Sniper" Bardalen og "No hair" Tangen heldt oppe eit jamt press og det vart vanskeleg for brødrene Roald å halde følgje.

«The Swede» Ahlberg, «Lieutenant» Dan og «Fast arm» Jensen sørga heile tida for å halde eventuell framrykk av andre under kontroll. "Twisted sisters" lada kastearmane sine og sette inn dødsstøtet på dei siste hola, slaget skulle vinnast. Når siste disk låg i korga hadde «Sniper» Bardalen og «No hair» Tangen sikra seieren for SSK. For å vise at SSK Diskgolf står for samhald valgte «Sniper» Bardalen og «No hair» Tangen å nytte akkurat like monge kast slik dei kunne dele sigeren og ikkje minst heder, ære og trone.

velledalen_open_vinnarar

Sigerherrane Tangen og Bardalen flankert av Martin Roald som kom på 3.plass

 

I kampplanen til troppen frå SSK Diskgolf var det lagt opp til at tropp 1 skulle vere sopass effektive at dei som var i tropp 2 skulle få ein enkelt utgangspunkt. Slik vart det også. Brede «No mercy» Jensen staka tidleg ut kursen og gjekk i front for klassa si i frå start til slutt. «No mercy» Jensen hadde det meste i si hule hand og kunne dermed spankulere inn til ein velfortent seier.

Velledalen amatør

Arild Hanken, Brede Jensen og Rune Hole.

 

Resultater: https://discgolfmetrix.com/2758108