Vinterserien 2024

Langevåg IL Diskgolf arrangerte også i år vinterserie i Sparebanken Møre Arena.

Vinterserien 2024

Vinterserien 2024

Som i alle store idrettar er ikkje årstid noko hindring, spesielt ikkje for ivrige diskgolfarar. Langevåg IL Diskgolf har også i år arrangert vinterserie i Sparebanken Møre Arena. Få ting er kjekkare enn å stå inne i ein hall å kaste disk når ein kan høyre nordavinden piske regnet mot tak og veggar. Då er det nesten berre smil å sjå på alle som har møtt opp.

Totalt var det satt opp 5 fredagar kor ein spelte 2 runder à 9 hol. I samandraget vart dei 4 beste resultata teljande. Serien var inndelt i klassane Pro Open, Pro Open Women, Junior >18, Amatør 850 – 900 og Amatør <850.

Totalt var det 128 som deltok desse dagane so interessa har definitivt vert stor, noko som er utruleg kjekt å sjå.

For fleire av medlemmane i Sula Sportsklubb Diskgolf var serien eit kjærkome tiltak og resultatmessig kom vi godt ut av det og kunne hente heim edelt metall i tre av klassane. I Pro Open kunne Kristian «Beard of knowledge» Rørstad innkassere ein fin andreplass etter god kasting. I klassa Amatør 850 – 900 stakk Mikael «The Swede» Ahlberg av med førsteplassen og i klassa Amatør <850 henta Øyvind «Lefty Gigglepants» Eikrem heim sigeren.

 

SSDG takkar Langevåg IL Diskgolf for flotte og kjærkomne arrangement i vinterkulda!

 

Vinterserien 2024

Beard of knowledge, The Swede og Lefty Gigglepants