The game is on!

Sula Sportsklubb Diskgolfstartar påska på best mogleg vis, med årets første Torsdagsgolf!

The game is on!

The game is on!

Skjærtorsdag... la det ordet gli over tungespissen. Kva betyr eigentleg Skjærtorsdag? Eit fåtal om nokon veit nok at det frå gamalt av tyder å «reinse», altså «renselsestorsdag»(informasjon henta frå sikre kjelder på verdsveven).

Men i år syns vi at dagen og ordet skal få sin renessanse. I år skal Skjærtorsdag sjølvsagt få ha si originale tyding men i tillegg skal den få litt attåt. For i år har det seg nemleg slik at første Torsdagsgolf og Skjærtorsdag fell på same dag. Årsaka til kva tid Skjærtorsdag er veit nok dei fleste men der er nok få som veit kva som styrer kva dag Torsdagsgolfen tek til. Til å svare på dette måtte vi rett å slett spørje vårt allvitande orakel Mikael Ahlberg. Hr. Ahlberg kunne då komme med følgjande forklaring:

«Oppstart av Torsdagsgolfen for Sula Sportsklubb har i grunn ei meget god forklaring. Dagen blir nemmelig styrt av været i Borås! Og det er, nesten alltid, den 3. torsdagen etter 2. stor-fjøre etter 3.fullmåne for året og månefasen ikke er ne. Enkelt og greit».

Dermed skulle vel den ballen ballen vere lagt daud!?

So tilbake til at tydinga skulle få «litt attåt». For kva skjer på ein Torsdagsgolf? Jo diskar vert kasta i hopetal, og kva gjer so ein disk? Jo den «skjær» seg gjennom lufta, monge kast «skjær» seg og vi har utsikt mot Skjærvane(fritt etter uttale)!

Med andre ord er det reine Kinderegget vi har lagt på bordet her!

Pr no ser det også ut til at været er på vår side so dette vert ein knakande flott start på Torsdagsgolfen 2023.

Det heile startar klokka 17:00 på torsdag og det er Blå-bane som skal spelast. Her er enno litt snø på bana men ikkje verre enn at disking er fult mogleg 😊

Be there or be   ⃣

Meld deg på her!