Tenker du det samme som meg B1? Jeg tror det B2!

Ny layout, nye moglegheiter!

Tenker du det samme som meg B1? Jeg tror det B2!

Tenker du det samme som meg B1? Jeg tror det B2!

Vi har no fått på plass alle korgene, med unntak av ei, på den nye bana. Den nye layouten vil vere merka med B1-B15 når den er ferdig. Akkurat no manglar vi B1 og B14/15 er hol 11/12 som ein kan sjå på oversiktskartet.

Det betyr at ein no kan prøvespele den nye bana om ein ynskjer. Det er ei krevjande bane so her trur vi det kan være langt mellom runder under par :)

Vi har fortsett ein del rydding å gjere i fairwayane, der manglar ein del mandopiler osv men bana er spelbar for den som vil teste den ut og ting vil komme på plass litt etter kvart.

Oversiktskartet viser då kor tee og korger står. Den observante lesar vil sjå at kartet ikkje er oppdatert med ny veg osv men akkurat det er det lite vi får gjort med.

Under finn ein litt info om dei hola som no kan kastast. Ikkje alt er like enkelt å forklare eller pr i dag skreve i stein slik ein er klar over det. Tilrår å kaste diskar som vises igjen då terrenget lett kan "ete" ein disk :)

B1 – Kjem opp snart. Utkast i svingen på asfalt. OB på veg.

B2 – Utkastet(ikkje markert enno) er ved lyktestolpen forbi korga til 10/12. Mando vil komme på furua lengst opp før dogleg.

B3 – Nydeleg tee oppe på toppen av knausen. Trippelmando over vegen rett foran tee. Mando mellom dei to furuane som står nærmast vegen og også høgde mando. Ikkje merka pr i dag. Vert OB på veg, sti og på fairway B12, ikkje merka pr i dag.

B4 – Mando på furu til venstre. OB over steinmur mot fairway B6

B5 – Tee utom asfalt ved svingen, ikke merka enno. OB over steinmur mot fairway B6. Ver obs på korg står nær OB.

B6 – Nydelig tee ved vatnet! OB i vatnet, over steinmur mot fairway B4 og B5 samt stien bak korg.

B7 – Tight fairway. OB i fairway B8 samt på og til høgre for sti.

B8 – OB i vatnet og fairway B7

B9 – Tee ved vatnet. En god del høgdemeter som skal forseres. OB fairway B10 samt bak korg(ikkje merka enno men ca 10 meter bak)

B10 – OB vatnet og ca 5 meter bak korg

B11 – OB fairway B12.

B12 – OB til venstre og på sti samt fairway B3 og B13. Korg satt opp på midlertidig plassering.

B13 – OB fairway 12 og i elv.

B14 – Dagens hol 11. Sti fra B13 opp mot gangvegen og bort til tee. Ikkje opparbeidd enno.

B15 – Dagens hol 12. Mando mellom dei to store trea ved dogleg.