Sykkylven Open

Laurdag 8 oktober vart Sykkylven Open helde i idylliske Velledalen. Nok ein gong kunne FIL Diskgolf bære med seg heim edelt metall, noko som førte til total utmattelse hos hovudmannen sjølv.

Sykkylven Open

Sykkylven Open

Grunna vaktskifte mellom flygeleiarane har denne gått fullstendig under radaren til redaksjonen og det beklagar vi på det sterkaste.

Sykkylven Open gjekk av stabelen laurdag 8 oktober. På rett/feil side av fjorden var det denne dagen eit ofseleg vær og dermed svikta motet hos dei fleste. Men heldigvis, nokre sjeler har hår nok på brystkassa og trossa alt av varsel for å delta på konkuransen.

Sidan våre venar inni Langevågen er vande med ein god del meir dritvær grunna topografiske utformingar, var der fleire hårete brystkasser som stilte til start frå LIL Diskgolf. Frå FIL Diskgolf derimot var der berre to som var tøffe nok til avlyste den faste spa-dagen med full pedikyr- og manikyrhandsaming.

Sjølv om det regna mest sidevegen på Sula so var ikkje det heldigvis ikkje so ille i Sykkylven. Det ryktas at luftfuktigheita var litt over normalen også inni Velledalen men det hindra ikkje at der vart avvikla eit vellukka arrangement der ein fekk oppleve alt frå ace til seksdobbelbogey.

Etter fyste runde var der FIL sin eigen Dan Kråkenes som hadde pole position i Open klassa. Med 2 og 3 kast framføre høvesvis andre og tredjeplassen. Trond Volle Knutsen hadde lagt seg inn på ein 5 plass med to kast opp til nestemann. Det var dermed duka for ei forrykande andre runde.

I runde to var det fleire som verkeleg fekk sving på diskane. Christoffer Holen som ikkje var heilt "i vater" første runda fekk "rett vinkel" på diskane og kunne "loddast" inn til ei -7 runde noko som også heldt til siger(puns intended!). For Dan Kråkenes var andre runda litt som den berømte OB-dammen på Lømyra. Mykje vilje, ambisjonar og jobbing til skuffende resultat. Kråkenes enda opp med ei -1 runde og måtte sjå seg slått av Holen. Men som "dammen" på Lømyra var ikkje Kråkenes våt i augekroken av den grunn. Sigeren enda tross alt på Sula og det var ein nøgd med. Trond Volle Knutsen fekk også blod på tann og forbedra seg med 6 kast i andre runda. Knutsen hadde los på edelt metall men i god sportsånd overlot han tredjeplassen til Ole Martin Korsnes slik at arrangørklubben skulle få ein plass på pallen. Ein heiderleg gest som vart premiert med ei pølse på ferja.