Sunnmørstour Lømyra

Sunnmørstour Lømyra vart halde i knall vêr på naturskjønne Lømyra.

Sunnmørstour Lømyra

Sunnmørstour Lømyra

Sunnmørstour Lømyra er hermed historie. 42 kjekke, optimistiske og morgonfriske spelarar sto klare til fyste runde, vesentleg færre optimistar til runde to.

I alt for godt vêr vart der kasta diskar rett fram, til venstre, til høgre, over greiner, under greiner, i vatten, via tre, utanfor mandoar og over eller i OB’ar. Alt som normalt med andre ord.

Få kast skilte toppsjiktet i samtlege klassar etter fyste runde og det var duka for ei nervepirrande andre runde. Etter litt tanking av pylse og brus i pausa so var det klart for runde to. Og der var spaning til siste disk satt i korga med tanke på sigerherre i Open.

Av dei tre som gjekk i lead card var det berre 1 som klarte å halde haudet klart heile omgangen. Dei to andre var meir eller mindre som stein i vatten der den eine berre kunne skilte med 2 flått og litt solbrent panne.

I Open drog Joakim Ekornåsvåg det heile i hamn framføre Kristian Rørstad og Jostein Håland som delte andreplassen.

Sunnmørstour Open

 

I Amatør var Cato Iversen Rønnestad overlegen medan Kenneth Mansfield og Robert Hammer tok dei neste plassane.

Sunnmørstour  Amatør

 

I Junior kunne Andreas Stadsnes juble høgast der Thomas Helgesen og Jacob Love fulgte på plassane bak.

Sunnmørstour Junior

 

I Open Dame var heilt umogleg å skilje vinnaren frå andre og tredjeplassen. Difor fekk Emma Rødstøl innkassere samtlege plasseringar.

Sunnmørstour Dame

 

Neste runde i Sunnmørstouren arrangerast på Vatne so då er det berre å vaske diskane å gjere seg klar.