Sunnmørstour 2023

29 april startar Sunnmørstour 2023 i Volda. Den 20 mai blir Lømyra arena for dei gjevaste diskarane området har å by på.

Sunnmørstour 2023

Sunnmørstour 2023

I år som tidlegare år vert, det snart segnomsuste, Sunnmørstour arrangert. I år skal touren innom heile 8 ulike baner. Frå dei inste elvefar inni Valldalen, stettelandskapet på Vatne, regnskogen på Lømyra til nakne bergskrentar uti Måløy. Diskar skal kastast, stønn og jubel skal høyrast, bannskap skal svelgast, hovmod står for fall og stoltheit skal sårast. Med andre ord er her duka til noko for ein kvar smak!

Den 29 april får Volda æra av å starte det heile. Deretter går det slag i slag fram til siste runde som arrangerast den 24 juni i Måløy.

Den 20 mai står Lømyra som arrangør og då er det duka til folkefest. Styret har tinga på godvêr, det vil sei 7 grader og opplett, og bana skal vere preppa so godt det let seg gjere. 18 teknisk vanskelege og tøffe hol skal verkeleg få sette dei mest hardbarka diskarane på prøve.

Set av datoane i terminlista nedanfor og meld deg på(via discgolfmetrix). Vi håpar at flest mogleg av våre medlemmar stiller til start både på Lømyra og touren generelt.

Meir informasjon finn ein på Facebook gruppa «Sunnmørstour 2023»!

 

Terminliste:

1) Volda, 29.april

2) Valldal, 6.mai

3) Vasset, 14.mai ( PDGA C TIER)

4) Lømyra, 20.mai

5) Vatne, 28.mai

6) Sykkylven, 4.juni

7) Godøy, 10.juni

8 ) Måløy, finale: 24.juni