Sunnmørstour 2023 - Sykkylven

6. runde av Sunnmørstour 2023 vart held av stabelen sundag 4 juni inni idylliske Velledalen.

Sunnmørstour 2023 - Sykkylven

Sunnmørstour 2023 - Sykkylven

På sundag vart Sunnmørstouren arrangert inni idylliske Velledalen. I motsetning til storebror LIL som sto for 1/3 av deltakarane valte SSDG og plukke ut deltakarar etter minoritetsprinsippet og eventyrsjangeren. Dermed fekk 7 lykkelege medlemmar stille til start på sundag. I dette mangfaldet kunne vi finne ein svenske, ein nordlending, ein drammensar, ein måløyværing, ein høg, ein lav og ein heilt utan brille!

I Open klassa var 12 mann klare til dyst. 10! av desse frå Sula, ein stakkar frå arrangør-klubben og ein frå Øverås Frisbeegolfklubb som eigentleg skulle stille til sundagsgolf på Øverås men som svinga feil. Det var med andre ord duka for gode moglegheiter for edelt metall til Sula.

Etter fyste omgang var over var i grunn spaninga over og folk kunna berre gått heim. LIL-spelarane viste inga nåde og måla Sykkylven gul. Heldigvis hadde SSDG sopass med medynk for dei to andre spelarane som ikkje høyrte til Sula at vi kunne finne ein måløyværing og ein svenske på botnen av tabellen. Svensken vår viste seg faktisk å vere sopass medmenneskeleg at han var den einaste som la seg på pluss, snakk om å ha stort hjarte!

I pausa samla LIL-spelarane seg i kringvern. Skal ein tru rykta var det av to grunnar. For det fyste skulle vinnaren vernast og for det andre innsåg dei at ein måtte ofrast slik ikkje sluttabellen skulle sjå ut som eit resultat frå Nord Korea. Dermed var det duka for stein, saks og papir for å bestemme kven som skulle kastast underbussen og ligge nedst på tabellen når siste disk satt i korga. Heiderleg gjort!

SSDG på si side kunne skilte med ein flott 5. plass på Trond Volle Knutsen, 9. plass  på Mikael Ahlberg og 11. plass for Dan Kråkenes.

Kråkenes er for øvrig blitt klaga inn til Naturvernforbundet etter dette kastet der disken kløyvde boet til ein barkebillefamilie.

 

I amatørklassa såg ting litt lysare ut for SSDG og spaninga om pallplasseringane var nesten til å ta å føle på. Etter fyste runde hadde SSDG grep om både fyste og tredjeplassen men der vart tett som hagl nedover lista so ingenting var på nokon måte avgjort.

Vår mann med opphav frå Drafn(norrønt i tilfelle du lurte) heldt stand gjennom andre runde og kunne løfte trofeet av det edlaste metall til tårevåt jubel for dei frammøtte som satt i Drammens Teater og såg på live sendinga. «Ikke siden sammenslåingen av Bragernes og Strømsø i 1811 har Drammen opplevd noe så stort. Dette setter Drammen virkelig på kartet!!» twittra Drammen sin ordførar Monica Myrvold Berg i etterkant.

Diverre klarte ikkje Kenneth Jensen å halde på sin 3. plass og enda på ein 7. plass.

 

Full resultatliste kan ein sjå her: https://discgolfmetrix.com/2463061