Stordugnad har gitt ny Layout på Lømyra

Ein kjempe innsats av gjengen som møtte opp på laurdagens dugnad har gjort at vi har fått "rydda" litt i oppsettet vårt :)

Stordugnad har gitt ny Layout på Lømyra

Stordugnad har gitt ny Layout på Lømyra

Monge kjem nok til å sakne hol 9 langs vollen på grasbana. Sogar kan det vel vere dei som fell ein tåre eller to i mangel på dette sagnomsuste holet. Men no er siste ace satt, siste seksdobble bogey, siste lost disk og siste "Fa... i he.... for.... stei...!!" for dette holet.

Korger er flytta og nye hol har erstatta gamle. Vi har no satt opp dei 9 første hola til vår amatørbane, tiande og siste korg er ikkje på plass men kjem etterkvart. Amatørbana vil merkast med raud(rød) 1-10 medan dei restrerande hola vil merkast med blå.

Vi har no, som layouten viser, satt opp ein 12 hols bane som vil vere den gjeldande bana på feks torsdagsgolfen framover. Denne vil du kunne finne i UDisc under "Lømyra 12-hulls(ny) ukesgolf"

 

Der er også satt ut nokre korger på dei nye skogshola våre. So dei som har lyst har då muligheita til å teste hola som er merka med 12, 15, 19, 21 og 22 på bilete under. Vi gjer merksam på at fairway'ane ikkje er finrydda ei heller er mandoskilt osv satt opp, men dei er fullt spelbare :)