Nye oppsett på Lømyra. Blå bane no tilgjengeleg på Udisc og Metrix!

Sesongen 2022 er på hell og vi endrar no oppsett/layout på bana vår. Vår nye bane som vi har jobba hardt med å få ferdig er no tilgjengeleg som oppsett.

Nye oppsett på Lømyra

Nye oppsett på Lømyra. Blå bane no tilgjengeleg på Udisc og Metrix!

FIL Diskgolf med ny layout.


Frå og med i dag har Lømyra Diskgolfpark fått nye layouts. Vi introdusera no Rød/Red og Blå/Blue bane. Diverre er ikkje Google like flink som oss til å oppdatere so topografien på bileta er ikkje heilt korrekt :)

Rød bane:

Bana har 9 hol konsentrert rundt klubbhuset på Lømyra. Rød bane er ei bane med enkelt til middels vanskelegheitsgrad og passar perfekt for nybyrjarar som har lyst å kaste disk. Hola er bygd slik at ein skal lett kjenne mestring men likevel ha enkelte element som er litt vanskelegare. På Rød bane har tee-skilta forklarande tekst som gjer at ein vert kjend med viktige omgrep innan diskgolfen.

 

Blå bane:

Det er med stoltheit vi no opnar opp Blå bane på Lømyra. Bana startar ved kunstgrasbana på Lømyra og jobbar seg oppover mot skulen for so å kveile seg ned att mot stadion. Blå bane er ei langt meir krevjande bane med ein god del utfordrande hol. Her vil ein finne korte tekniske hol, lange smale fairways, åltronge skogsfairways, tøffe doglegs og ekle OB’ar. Dette er ei bane der ein verkeleg får trena på dei ulike aspekta ein vil kunne møte på om ein vil bli ein god diskgolfar.

Mellombels tee-skilt er satt opp, der er nokre våte parti men vi jobbar med finpussen av bana i desse dagar.