Har du mista ein disk? Fortvil ei, lostdisc.no er her for å hjelpe deg!

Styret i SSDG slår eit slag for at du som har mista disken din enkelt kan sjekke om den er levert inn. Vi entrer den virtuelle verda saman med lostdisc.no

Lost disk

Har du mista ein disk? Fortvil ei, lostdisc.no er her for å hjelpe deg!

Ein riktig god dag til alle diskgolfarar!

For å gjere det enklast mogeleg for dei som gløymer eller kastar vekk disken(ane) sine på Lømyra har vi no ei knakande god nyhende til dykk! Som monge nok allereie er klar over kan verdsveven nyttast til so mongt, no også for lost disk. Styret i SSDG er som vanleg innovative og stiller igjen fremst i køa for å nytte tilgjengeleg teknologi. Difor kan ein no ny nytte verdsveven for å sjekke om nokon hyggelege personar har lagt din lost disk i vår fysiske og virtuelle lost disk hylle!

Frå den fantastiske websida lostdisc.no kan ein no søkje etter eventuelle diskar som er mista. At ein får treff på sin disk krev då at følgjande kriteria er oppfylt:

  • At disken er levert inn
  • At vi har fått registrert den
  • At verdsveven eller lostdisc.no ikkje er nede
  • Og ikkje minst at du har klart å knote ned eit namn og eller telefonnummer på disken

 

Sida er sopass enkel og intuitiv at sjølv tilårskomne lærarar som er vandt til overhead og korrekturlakk skal kunne klare dette 😊

Registrer deg på sida trykk på «Søk etter disk» oppe til høgre og velg den bana du ynskjer å sjekke. Utleveringsinformasjon finn du på sida. Her er fleire baner tilgjengelege og endå fleire er på veg.

Når du først er registrert vil du få varsel om nye lost diskar som vert lagt inn dersom du har klart å skrive på disken sjølvsagt 😊

 

So vidt vi kan sjå er vi fyst ute her på Sunnmøre, mest truleg og i Møre Og Romsdal(ut frå eit kjapt blikk på banene som ligg inne i dag). So vi banar(no pun intended!) nok ein gong veg og håpar at alle andre naboklubbar fylgjer etter!