Jemtegård Open 2023

Jemtegård Open 2023 vart arrangert 12 august i perfekte forhold.

Jemtegård Open 2023

Jemtegård Open 2023

I perfekt vêr for diskgolf sto 59 spelarar på startstreken i Jemtegård Open. Den sjarmerande bana inni Valldalen skuffa heller ikkje denne gongen. Alt frå ace til frippel bogey på same hol, flotte kast som ålte seg gjennom tronge passasjar, sexy forhands, diskar som gjekk alt anna enn i fairway, diskar som gjorde tin dei aldri før hadde gjort, spelarar som skjeldant har smilt so mykje nokon gong og ikkje minst ein og annan kjent profet som fekk namnet sitt oppropt. Kort sagt ein heilt vanleg dag på denne bana 😊.

Sula Sportsklubb stilte med ei handfull spelarar og også denne gongen kunne klubben hente heim edelt metall i Open klassa. I første runde storspelte både Trond Volle Knudsen og Sølve André  Hatlen sette ny banerekord med sterke -12. Desse delte fyrsteplassen medan Thomas Helgesen låg på tredje. Men der var tett som hagl bak Helgesen so intet var avgjort.

Hatlen fortsette storspelet i andre runde og kunne klokke inn ny banerekord med fantastiske -14 der han krona verket med ein ace på nest siste hol. Sivert Øverås hadde fått i seg akkurat passe med brennsnut i pausa og med si -11 runde klatra han opp på ein fin 2. plass, 1 kast framføre Roar Kristian Henden og Frank Tangen som delte 3. plassen.

 

Elles var det morosamt å sjå at i juniorklassa gjorde vår naboklubb reint bord. Lars Håland tok 1.plassen etterfulgt av Aksel Jensen og Jacob Love.

 

Takk til Valldal IL Disksport for eit vellukka arrangement!

 

Resultat finn ein her: https://discgolfmetrix.com/2675283