FIL Diskgolf med storeslem i Jemtegård Open 2022

Ikkje mindre enn 3 korger jordbær vart innkasert av FIL Diskgolf under årets Jemtegård Open. No må premieskapet utvidast på Lømyra.

Jemtegård Open 2022

FIL Diskgolf med storeslem i Jemtegård Open 2022

7 staute karar frå Fiskerstrand Diskgolf hadde tatt turen inn til Valldal for å delta på den prestisjetunge denne augustdagen. Totalt var der 63 personar som stilte til start, noko som var beste oppmøte Jemtegård hadde hatt i ein slik konkurranse. Dei største namna og viktigaste formspelarane i verda var på plass og alt var duka for ein thriller av ein konkurranse.  

FIL Diskgolf kunne varte opp med fleire spelarar i toppsjiktet og etter første runde var Mikael Alhberg og Trond Volle Knudsen å finne blant topp 10. Begge på ein fin sjuandeplass berre 3 kast bak førstemann Christoffer Holen frå naboklubben Langevåg. Langevåg kunne elles skilte med både Sondre Måseidvåg og Joakim Ekornåsvåg på delt andreplass to kast bak Holen. Faktisk skilte det berre 4 kast mellom førstemann og dei tre som delte 11. plassen. Med andre ord var det duka for ein ekstremt spanande andre runde.

 

Frank Tangen låg etter første runde på 11.plass og starta runda middelmåtig. Det var heilt til nokon nemnde at der var moglegheiter for ei jordbærkorg dersom ein gjorde det bra. Det viste seg å vere motivasjon nok og Tangen klatra jamt og trutt på lista og låg til slutt på ein 4.plass. Akkurat nok til å delta i finalerunda. Informasjonen om jordbærkorga fekk Tangen derimot ikkje vidareformidla til dei andre frå FIL før det var for seint. Den einaste som fekk nyss om det var Vegard Fiskerstrand. I og med plass i finalerunda var umogleg for Fiskerstrand valde han å prøve på ein av ekstrapremiane som konkuransen hadde, «Longest put». Fiskerstrand gjekk all in og satte ein vakker put frå 11 meter. Jordbærkorg nummer 2 såg ut til å vere sikra for Fiskerstrand. Dog ville skjebna det litt annaleis. Media og kommunikasjonssjefen i FIL gjorde ein særdeles slett jobb denne dagen og berre minutt etter at Fiskerstrand hadde satt sin put kom Tangen til same hol. Tangen som på tidspunktet var uvitande om kven som hadde leiinga i «Longest put»-konkuransen hadde fått jordbær på tann såg sitt snitt til å hente nok ei bøtte/korg til klubben. Tangen lata att augene og sendte disken i retning korg og til alt overmål landa den i korga. Dermed var der ein ny mann i tet i puttekonkuransen. Til Tangen si store overrasking fekk han no vite kven som hadde hatt leiinga men det var det for seint.

Espen Andre Lade var tredje spelar som fekk vite om jordbærkorgene før det var for seint. Lade kunne hente heim sigeren i CTP konkuransen med eit vakkert kast der disken landa berre centimerter i frå stolpen på korga.

 

Etter siste disk var satt i korga var det fleire endringar i teten. Holen som leia etter første runde gjekk på ein Brink og hadde falt utanom finalen. Dog hadde Måseidvåg haldt oppe trykket og låg på tredjeplass. Oddbjørn Molvik frå Volda var på andre og Åge Roaldsetli innehadde førsteplassen.

Finalerunda gjekk over 5 hål og det varta opp med spaning frå start til slutt. Tangen som låg på 4.plass kniva med Måseidvåg heilt til siste put. Heldigvis for Tangen var det same hol som han nokre minutt tidlegare hadde vunne «Longest put» konkurransen som var det siste og avgjerande holet. Med sjølvtillit på topp kneip Tangen atter ein gong igjen auga og senka nok ein put frå 10 meter. Presset låg på Måseidvåg som på si side var uheldig og missa både pallplass og put.

Førsteplassen måtte avgjerast med eit ekstra hol og der kunne til slutt Oddbjørn Molvik innkassere sigeren.

 

For FIL Diskgolf vart dette ein fin tur inn til Valldalen med gode resultat. Tre jordbærkorger fann vegen inn i bilane og heimreisa vart straks litt kjekkare.

Mikael Ahlberg enda til slutt på delt 5. plass medan Trond Volle Knudsen enda på 13.

Sjå elles resultata her: https://discgolfmetrix.com/2231265

 

Jemtegård open 2022