Fil Open 2022

I solsteika på Lømyra vart FIL Open arrangert for site gong. Deltakarane smilte i takt med sola, men det var for monge ei kortvarig glede.

FIL Open 2022

Fil Open 2022

FIL Open 2022

Vêrgudane var verkeleg i godlunet denne laurdagen når den aller siste FIL Open gjekk av stabelen. Blå himmel, havblikk(eller meir Storevatnetblikk) og 24 smilande spelarar møtte til start denne gongen. Humøret var på topp hos dei fleste ved spelarmøte vel vitande om at dagen kom til å by på monge tøffe utfordringar.

3214 kast totalt var fasit etter at konkuransen var over. Og for å vise til litt statestikk:

  • 1% eagle
  • 20% birdie
  • 39% par
  • 25% bogey
  • 11% dobbel bogey
  • 3% triple bogey
  • 1% øvrig

Med andre ord viser statestikken at bana var akkurat so krevjande som vi antok den ville vere. Den teknisk krevjande bana slokna mongt eit smil som vi hadde gleda av å sjå ved start. Heldigvis varta servitrisene våre Vegard og Øyvind opp med pølser, snop og frukt i pausa og dermed var smila på plass att før andre runde starta.

 

Etter fyste runde var det tett i toppen i alle dei tre klassane og ingenting var avgjort når dei same 24 spelarane kasta sine fyste diskar i andre runde. I strålande sol kunne publikum sjå at kampen om edelt metall tilspissa seg. Faktisk vart det so jamt at der var to som hadde lik score i Open klassa etter at siste disk hadde landa i korga. Dermed var det duka for sudden death.

Tidlegare Noregsmeister Jostein Håland mot kometen Joakim Ekornåsvåg. Heldigvis for verdsfreda gjekk Håland sigrande ut av duellen og kunne puste letta ut.

I Junior klassa gjekk Thomas Helgesen til topps framføre Sondre Pettersen og Lars Håland.

Amatør klassa vart vunne av Brede Jensen med Erik Johann Kvalsund og Thomas Rongve på dei neste plassane.

 

MEN dette var FIL Open og sidan berre medlemmar i klubben kan kronast som sigerherrar so fekk vi eit heilt anna bilete.

I Open vart Frank Tangen klubbmeister for fjerde år på rad. Mikael Ahlberg tok andre plassen medan Vegard Bardalen og Dan Kråkenes delte tredjeplassen.

 

Amatørklassa vant Brede Jensen framføre Erik Johann Kvalsund og Runar Korsnes.

 

Styret i FIL Diskgolf ynskjer å takke alle deltakarane og ikkje minst Vegard og Øyvind som sytte for framifrå servering.

Vakker mann i vakker natur

 

Vinnarane av FIL Open

 

Vinnarane av Open

 

Vinnerane av Amatør

 

Vinnerane av Junior