Er det berre idioti det vi driv med?

Er det berre idioti det vi driv med?

Er det berre idioti det vi driv med?

At dei små idrettslaga rundt omkring i vårt langstrakte land er meir eller mindre drivne på dugnad av ivrige, og mindre ivrige, kjem nok ikkje som ei overrasking på nokon vil eg tru. Her på Sula er det sjølvsagt ikkje noko unntak. Dei aller fleste med aktive ungar, eller er aktiv sjølv, stiller opp dersom en ber om det. Dog kan det vere ein av og til må ty til vennlege trugslar.

So har vi eldsjeler. Personar som legg ned timesvis av timar for at våre unge og lovande skal kunne ha ein aktivitet å gå til. Folk som brenn for det dei gjer på og som ynskjer å gjere noko som andre kan nyte godt av. Ikkje berre der og då, men i lang tid framover. Eldsjeler, eller er det idiotar?

 

Eg er vel det ein kan sjå på som ei eldsjel for det som skjer på diskgolf fronten på Lømyra. Heldigvis er eg ikkje aleine då her er fleire som brenn for denne sporten. Lømyra har det siste 1,5 året fått ei heilt ny bane. Det er til no brukt rundt 350 dugnadstimar for å få denne bana opp å gå, og vi er ikkje ferdige enno. 350, det er ein del timar!

Personleg har eg brukt ganske so monge timar på den nye bana. Kvar gong kånemor leitar fram vaskekosten eller hintar fram om Moa-tur er eg kjapp å trive med meg hanskane mine for å springe ned til Lømyra. So det vert ein god del turar 😉.

Der er nok monge som meiner eg er ein merkeleg skrue der eg tuslar rundt med musikk på øyret og syslar med mitt. Men for meg gjev det meg noko. Vissheita av at alt eg gjer, vil eg sjølv og ikkje minst andre, kunne nyte godt av i ettertid. Det er ei drivande kraft. Det å kunne lage ein sti slik framkomsten vert betre, flise eit område slik det vert tørt å gå på, rydde ein fairway slik den vert betre, sette opp ein vegg for å hindre farlege situasjonar og så vidare gjer nokon for meg. Noko godt, noko eg kan vere fornøgd med, ja til og med stolt av. Slik er eg skrudd saman, og eg veit der er fleire i same båt.

 

Når ein so brukar so mykje av eiga tid på Lømyra er det ikkje til å unngå at ein kjem i kontakt med fleire sambygdingar, unge som gamle. Dei aller fleste er positiv til det som diskgolfgruppa gjer for bygda, og godt er det. So har vi dei som er på heilt andre sida. Eg har snakka med nokre av desse det siste året. Personar som meiner det vi gjer er heilt forferdeleg. At vi øydelegg naturen, at vi driv med visuell forsøpling eller at vi er egoistiske som nyttar områda til disk. Personar som sløkker litt av elden i meg, personar som gjer at eg vert ståande å tenke, «er det berre idioti det vi driv med?».

Tvil er ikkje noko god kjensle å kjenne på for ei eldsjel. Nok tvil sløkker effektivt elden i kven som helst, derav herskar ingen tvil. Personleg kjende eg at elden min fekk ein liten nasestyvar etter eit møte med ein «brannsløkkar». I slike situasjonar er det viktig å kunne hive litt bensin på bålet att. «Bensinen» min vart då å ta utgangspunkt i kva aktivitet genererte diskgolfen på sine baner på Lømyra. Frykta var jo at resultatet skulle ta livet av elden for godt medan håpet var sjølvsagt noko heilt anna.

Eg tok kontakt med UDisc som er ein leverandør av programvare(app) for diskgolfarar. Har kan dei som nyttar appen registrere aktiviteten sin når ein kastar. Erfaringsvis veit eg at det er langt frå alle som nyttar appen so eg tok kontakt for å høyre om der fantes noko forholdstal med tanke på kor monge u-registrerte runde det var i forhold til registrerte. Heldigvis for meg fantes der ei studie på dette slik eg slapp å sette med ned på Lømyra å telje sjølv.

Når eg so nyttar eit nøkternt forholdstal får eg opp ein statestikk som varmar hjarterota til langt uti neste år. Spørsmålet om «er det berre idioti vi driv med» bleikna fort av tala og elden den er sterkare enn nokon gong.

Eg ser jo sjølv den enorme aktiviteten vi har fått på Lømyra. Vi har laga ein tilbod som vert nytta av «alle». Av unge, eldre, familiar, kompis- og jentegjengar, kjærastepar, gutar, jenter, menn, damer, utdrikkingslag, blåtur-lag og så vidare. 85 år var han eg snakka med som kasta disk saman med barnebarnet sitt, 85! Og han hadde det hivens! Både han og guten på 4 år kosa seg, dei hausta fruktene av alle dei timane vi har lagt ned. Slikt varmar!

Når ein då i tillegg ser på kva statestikken sei om parken på Lømyra vert ein i grunn litt mållaus. No er det sjølvsagt ikkje to strek under desse tala men dei er som tidlegare nemnt nøkternt kalkulert. Her let eg tala snakke for seg sjølv og so kan kritikarane tale si eiga sak…

La elden lyse!

 

Runder spelt på Lømyra diskgolfpark(tal for 2023 er estimert ut frå aktivitet dei 6 første månadane).

 

 

April – Juni

2023(estimert)

Timar nytta til å spele disk

4962

19848

Kilometer gått

4095

16380

Tal steg

5 374 123

21 496 492