Er det berre idioti det vi driv med? - Del 2

Er vi fortsatt idiotar eller vil talas klare tale vise oss vegen til lyset?

Er det berre idioti det vi driv med?  - Del 2

Er det berre idioti det vi driv med? - Del 2

I juli so hadde eg meg eit lite hjartesukk etter å ha fått ned kragen av ein forbipasserande då eg la ned ein av mange dugnadstimar på bana vår ved Lømyra. Normalt er eg rimeleg kjapp i replikken men i dette «bakhaldsangrepet» brukte hjerna mi meir tid på å avgjere om eg vart sint, skuffa, irritert eller alle desse samtidig. Det kom med andre ord ikkje det aller beste «combacket» frå mi side, dog har eg i ettertid komme på mange knakande gode. Har etter hendinga også prøvd å kjenne på om eg vart krenka, i og med det er so populært no til dags, men har komt til at eg er og var for gamal til det.

Heldigvis har ikkje hendinga stoppa jobben som vi i diskgruppa har lagt ned på banene våre. Her har til og med vore fleire som har stoppa og fortalt at dei synes det vi har gjort er kjempebra for lokalområdet. Det varmar eit dugnadshjarte!

 

Gjennom sumar- og haust 2023 har vi jobba so mykje som vi har klart for å gjere banene og områda rundt best mogleg. Jobben vi til no har lagt ned vises godt, og ting har verkeleg tatt form og farge. Men der er enno mange timar att før vi kan sei oss ferdige om vi nokon gong vert heilt nøgde 😊.

Det som verkeleg varmar for oss i diskgruppa er å sjå den enorme aktiviteten som er rund på banene «våra». Kor mykje området faktisk vert brukt er vanskeleg å sei med to strek under svaret men vi har heldigvis ein del data vi kan gå ut ifrå. Vi ser jo med det blotte auget at der er enorm aktivitet i diskgolfparken, både av unge som eldre. Når eg då går gjennom dei data vi sit på er det mest so eg får ein liten tåre i augekroken. Eg gjorde eit estimat i juli på kor mykje bruk vi kom til å ha på banene våra i løpet av 2023, og eg har bomma. Ikkje berre har eg bomma men omfanget eg har bomma med skulle tilsei at eg jobba med anbod overfor det offentlege. Trøysta mi er at det er i positiv forstand og ikkje milliardsløsing grunna dårleg prosjektstyring. Men nok prat, her er då statestikken for 2023:

 

 

Estimat i juli

Fasit 2023

Tal runder

 

27676

Timar nytta til å spele disk

19848

24660

Kilometer lagt ned

16380

31860

Tal steg gått

21 496 492

41 567 228

 

 

Oppsummert med nokre få ord kan ein med andre ord sei at det nesten er trakka ei runde rundt jorda nede på vesle Lømyra. Det er ikkje reint lite, og det er vi i diskgruppa stolte av!

Vi tek fatt på det nye året med godt mot og satsar på at det vert minst 1 runde rundt jorda i 2024. Om ikkje dei som spelar klarar det so kan det no vere at dugnadsgjengen oppnår det