Det går framover :)

Den nye bana er over halvvegs ferdig!

Det går framover :)

Vi har no over halvvegs i bygging av ny bane noko som alle kan få lov til å feire med ein fridag den 1 mai.

Ein god del av det tunge arbeidet er gjort og vi er i godt driv. Sist dugnad fekk vi også køyrt utover masse flis på haugen ved korg 1-5. Utruleg kjekt å sjå igjen resultat av hardt arbeid og det gjer ein so definitivt når flisa vert lagt ut.

Det står enno att ein del oppgåver men den jobben som er gjort so langt vises godt igjen når ein tek turen langs bana. Fairwayane til dei aller fleste håla har blitt opna opp so no står det berre att å få rydda dei.

Minner om oppgåvelista vi har på heimesida vår og at det er fult lovleg å ta ein tur aleine for å ta i eit tak 😊

 

På vegne av Styret vil vi takke for innsatsen so langt og vi gler oss enormt til vi skal få kaste dei første diskane på nye flotte hål 😊