Blåmandag? Nei tvert imot!

Oppdatering av Blå bane

Blåmandag? Nei tvert imot!

Blåmandag? Nei tvert imot!

Ei lita oppdatering på vår nye bane er vel greitt å få :)

Alle korgene på Blå bane er no på plass!

Siste tee, B12, er spikra opp.

Alle tee'ar har fått sådd eit nydeleg lag med kunstgras.

Høgdemando er plassert på B3.

Generell trimming av greier og rydding er gjort på fleire fairwayar. Mandopiler skal vere på plass samt skilt som peikar retninga til neste tee.

Utplassering av OB-pinnar vil komme om ikkje lenge samt litt oppussing på B13 sidan Dan gjekk amok med gravemaskina der :)

 

B1 – Utkast på asfalt i svingen ved ballbingen. OB-pinnar er satt opp og vil muligens bli justert litt.

B2 – Utkastet(ikkje markert enno) er ved lyktestolpen rett over korga til 10/12. Mando på furua lengst opp før dogleg.

B3 – Nydeleg tee oppe på toppen av knausen. Trippelmando over vegen rett foran tee. Trippelmando på furuane foran tee. OB på veg, sti og på fairway B12, ikkje merka pr i dag.

B4 – Mando på furu til venstre. OB over steinmur mot fairway B6.

B5 – Tee på asfalt ved enden av gjerdet, ikkje merka enno. OB over steinmur mot fairway B6. Ver obs på korg står nær OB.

B6 – Nydelig tee ved vatnet! OB i vatnet, over steinmur mot fairway B4 og B5 samt stien bak korg.

B7 – Tight fairway. OB i fairway B8 samt på og til høgre for sti.

B8 – OB i vatnet og fairway B7

B9 – Tee ved vatnet. En god del høgdemeter som skal forserast. OB fairway B10 samt bak korg(ikkje merka enno men ca 10 meter bak)

B10 – OB vatnet og ca 5 meter bak korg

B11 – OB fairway B12.

B12 – OB til venstre og på sti samt fairway B3 og B13. Korg satt opp på midlertidig plassering.

B13 – OB fairway 12 og i elv.

B14 – Dagens hol 11. Sti fra B13 opp mot gangvegen og bort til tee. Delvis opptrakka.

B15 – Dagens hol 12. Mando mellom dei to store trea ved dogleg.