5. klasse frå Solevågen skule på vitjing

Onsdag 14. juni var 5. klasse frå Solevågen skule invitert til Lømyra for å lære om den fantastiske sporten, Diskgolf!

5 klasse

5. klasse frå Solevågen skule på vitjing

I går hadde SSDG, med Dan Kråkenes i spissen, ei utruleg triveleg samling med alle 5. klassingane frå Solevåg Skule. I strålande solskin var 5.klassingane invitert til Lømyra for å få ei lita innføring i diskgolfens monge gleder og moglegheiter. Her fekk dei lære dei grunnleggande reglane i sporten, litt om korleis ein skal te seg når ein kastar disk og ikkje minst korleis ein kastar disk. 40 blide elevar var lutter øre når Kråkenes øste av sin utømmelege kunnskap og iver. Etter litt tørrprat kom høgdepunktet for dei fleste då dei fekk utdelt sin heilt eigen SSDG-disk vår kule logo og ikkje minst logoen til Sparabenken Møre som har vert med å sponsa desse. Etter at jubelen hadde stilna so gjekk turen ut på grasbana for å teste nyervervingen. Eit fantastisk syn utspann seg på grasbana når dei kvite diskane suste gjennom lufta. Reine duesleppet i følgje forbigåarar oppe på gangvegen.

Ein strålande blid gjeng kunne takke Kråkenes for eit flott intro-kurs og ein vakker disk før dei sette seg på syklane og sykla inn i «solnedgangen».

 

På måndag er det 5.klassingane på Rørstadmarka skule som står for tur. Vi er ganske so sikre på at vi nok ein gong får vellukka samling med strålande blide elevar 😊

 

5.klasse Solevåg

ssdg-disk