Sharks Open 2023

I dag gjekk det prestisjetunge klubbmeisterskapet, Sharks Open, i diskgolf for Sula Sportsklubb av stabelen. 44 diskarar var møtt til start noko so er rekord for denne turneringa. Dette var det aller fyste klubbmeisterskapet i diskgolf for Sula Sportsklubb og det var knytt stor spaning til tevlinga.

Sharks open 2023

Sharks Open 2023

Sharks Open vart helde på den meget tekniske delen av diskgolfparken vår og den tiltrakk seg(som det hør og bør) sogar internasjonale spelarar. Her var engelskmenn, danskar, svenskar, trønderar, romsdalingar, austlendingar, nordlendingar, nordmøringar, sunnmøringar og ei som brukte bridle.

Styret i diskgolfgruppa hadde nok ein gong ordna med knallfint vêr. Korgene bada i sola nede på Lømyra og temperaturen var heilt perfekt for dei fleste. Meisterskapet gjekk over to runde og det vart akkurat like tett og dramatisk som forventa.

 

I klassa Junior var det 10 spelarar. Utruleg kjekt å sjå dei aller yngste i klubben stille stil start. Desse hadde ikkje vert med på noko turnering før men dei gjorde alle ein god figur. Ein del vind gjorde kastinga litt utfordrande men her var utruleg mykje bra kasting.

Andreas Stadsnes stakk av med sigeren i gruppa medan Thomas Helgesen enda på andre og Lars Valen Håland jobba seg opp til ein fin tredjeplass i andre runde.

junior_2023

 

I dameklassa var det 3 spelarar og her vart det spaning frå start til slutt. Damene varierte omtrent frå hol til hol om kven som inneha fyrsteplassen. Men når siste disk var satt i korga kunne Emma Rødstøl krone seg som vinnar. Synnøve Tangen enda på andreplass medan Julie Ahlberg tok tredjeplassen.

dame_2023

 

For herrane vart det tett som hagl og fleire omrokkeringar frå runde en til to. Den einaste som heldt plassen sin var vinnaren Kristian Rørstad. Rørstad låg på topp omtrent frå start til slutt og ingen klarte å tukte han. Plassane under derimot vart det rift om. Etter fyrste runde var det eitt til to kast som skilte 6 spelarar. Også her vart det ikkje noko avgjort før siste disk var i korga. Frank Tangen lurte seg inn til ein andreplass medan Trond Volle Knutsen enda på tredje.

herre_2023

 

I og med dette var eit klubbmeisterskap so kunne ikkje andre enn medlemmar kalle seg meister. So klubbmeistrar i Sula Sportsklubb Diskgolf 2023 er Kristian Rørstad og Synnøve Tangen.

klubbmeister_2023

 

Styret i SSDG vil takke alle spelarane som møtte, til Conta AS og Kiwi Fiskerstrand som sponsorar og ikkje minst Mathea Kråkenes og Lise Fiskerstrand for framifrå servering med ørlite hjelp frå Kristina Kråkenes.

Tusen takk for nok eit vel blåst arrangement!!

 

Styret!