Torsdagsgolf uke 18

Då var første Torsdagsgolfen på den flunkande nye bana unnagjort. 23 spelarar møtte til start og 23 fullførte utan livstruande skadar men moglegens med varige men.

Torsdagsgolf 04052023

Torsdagsgolf uke 18

Det var heller ikkje kven som helst som stilte til start. Samtlege Noregsmeistrar i diskgolf(som underteikna veit om) frå Sula stilte til start. I tillegg var fleire av Sula sine ypperste diskarar møtt opp for å delta denne torsdagen. I potten låg der heder og ære i og med at dagens vinnar ville inneha banerekorden uansett kva han enda på.

6 grupper tok bein og armer fatt i nydeleg solskin og vakker natur. Og vakrare syn kan ein knapt oppnå for ein natur- og diskelskar. Diskar i alle regnbogens fargar glidande i lufta, gjennom tronge passasjar, opne sletter, innimellom i vatten og til slutt i korg. Rett å slett til å få tårar i auga av 😊

Etter siste disk satt i korga var resultatet klart. Noregsmeistrane som var klare favorittar klarte ikkje heilt å hamle opp med lokale heltar men ein hamna i alle fall på pallen. Dog var det tett som hagl på resultatlista og berre få kast skilte mellom ein andre eller ein tiande plass.

Vinnar av Torsdagsgolfen denne veka vart ikkje ringare enn leiaren i SSDG, Mikael Ahlberg. Ein nokså soleklar seier og ny banerekord. Ole Åkernes Rimereit tok andreplassen medan Sondre Måseidvåg og Øyvind Jarnes delte tredjeplassen.

Full liste finn ein her.